Søk
Om trusopplæringa  >  1.-2. klasse
1. klasse: KYRKJESPRELL

Alle som går i 1. klasse inneverande år blir invitert til Kyrkjesprell med påfølgande bokutdeling på gudstenesta i Spjelkavik kyrkje / Hatlehol (Borgund folkehøgskule). 

Innhald: Ei samling med morosame aktivitetar  
Alle må ha med seg ein vaksen.  

Bokutdeling: 
Søndag etter Kyrkjesprell-dagen er det utdeling av boka «Tre i eit tre» til 1.-klassingane. Utdelinga skjer anten i Spjelkavik kyrkje eller på Hatlehol (Borgund folkehøgskule). Denne søndagen kan gjerne heile familien, besteforeldre og fadrar bli med.
Det vert kyrkjekaffi/saft etter gudstenesta. 

Det er fint om du melder deg på via nettet i forkant, men du kan også melde deg på gudstenestestaden frå kl. 10.30.

NB! 1.klassingar som ikkje kan vere med på Kyrkjesprell får og tilbod om boka.

Samlinga er gratis og ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkje. 
 

2.-KLASSEKLUBB
Alle barn som går i 2.klasse inneverande år får invitasjon om å vere med i 2.-klasseklubben. Denne går over tre samlingar på ettermiddagstid.
Kvar gong er det samling med skattekiste, bibelforteljing og aktivitetar. 
Vi held til i kyrkjekjellaren.

1-årstreff og utdeling av bok om jula (haust)

2-årstreff (haust)

3-årstreff (haust)

4 år: Undretur og utdeling av 4-årsbok (haust)

5 år: Påskeverkstad og utdeling av påskebok (vår)

1.-klasse: Aktivitetsdag og bokutdeling (vår)

2.-klasse: 2.-klasseklubb (vår)

3.-klasse: Fisketur og skattejakt, hausttakkefest (haust)

4.-klasse: Tårnagenthelg (vår)

5.-klasse: 10-års dåpsfest og utdeling av NT (vår)

6.-klasse: Lysvaken - overnatting i kyrkja 1. søndag i advent
                 Juniorkonfirmasjon (vår)

7. klasse: Aktivitetsklubb ein fredag i månaden (heile året)

9. klasse: Konfirmasjon

 

 

Copyright 2018 Tru.no   |     |     Xhtml 1.0  CSS 2.0