Søk
Om trusopplæringa  >  3.-4. klasse
3. klasse: FISKETUR & SKATTEJAKT

På hausten når barna går i 3. klasse får dei invitasjon til å vere med på fisketur og skattejakt saman med oss på Stafsethneset. 

Fisketur og skattejakt: Vi dreg på båttur og fiskar og vi har kjekke aktivitetar på land med blant anna skattejakt. 

Hausttakkefest og bokutdeling: Påfølgande søndag etter Fisketur & Skattejakt er det Hausttakkefest i Spjelkavik kyrkje med utdeling av boka «Skatten i Liljedal» til 3.-klassingane. Her får dei barna som vil delta under preika med dramatisering. Denne søndagen kan gjerne heile familien, besteforeldre og fadrar bli med. Det vert kyrkjekaffi/saft etter gudstenesta. 

Det er fint om du melder deg på via nettet i forkant, men du kan også melde deg på gudstenestestaden frå kl. 10.30.

NB! 3.klassingar som ikkje kan vere med på Fisketur og Skattejakt får og tilbod om boka.

Samlinga er gratis og er ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkje
 

4. klasse: TÅRNAGENT-HELG

Dei som går i 4. klasse inneverande år får invitasjon til å kome på Tårnagent-samling. Som tårnagent får du gjennom fleire spennande oppdrag vere med på å utforske kyrkja. Oppdraga vil vere både ute og inne.

Vi treng fleire vaksne til ulike oppdrag. Kan du som forelder tenke deg å vere med? Gi beskjed ved påmelding.

Påfølgande søndag etter Tårnagent-samlinga er agentane tilbake i kyrkja. Der har dei og ulike oppdrag dei skal være med på i gudstenesta.

Samlinga er gratis og er ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkje
 

1-årstreff og utdeling av bok om jula (haust)

2-årstreff (haust)

3-årstreff (haust)

4 år: Undretur og utdeling av 4-årsbok (haust)

5 år: Påskeverkstad og utdeling av påskebok (vår)

1.-klasse: Aktivitetsdag og bokutdeling (vår)

2.-klasse: 2.-klasseklubb (vår)

3.-klasse: Fisketur og skattejakt, hausttakkefest (haust)

4.-klasse: Tårnagenthelg (vår)

5.-klasse: 10-års dåpsfest og utdeling av NT (vår)

6.-klasse: Lysvaken - overnatting i kyrkja 1. søndag i advent
                 Juniorkonfirmasjon (vår)

7. klasse: Aktivitetsklubb ein fredag i månaden (heile året)

9. klasse: Konfirmasjon

 

 

Copyright 2018 Tru.no   |     |     Xhtml 1.0  CSS 2.0