Søk
Om trusopplæringa  >  4-5 år
4 år: UNDRETUR

Undretur i Spjelkavik kyrkje:
Undreturen er ei oppdagingsferd i kyrkjerommet. Kyrkja er eit spennande hus, annleis enn andre hus og det er mykje å sjå og undre seg over. Etter undreturen vert det enkel servering og leik i kjellaren.

Gudsteneste med bokutdeling:
Påfølgande søndag etter undreturen er det utdeling av «Mi kykjebok» til 4-åringane. Anten i Spjelkavik kyrkje eller på Hatlehol (Borgund folkehøgskule). Denne søndagen kan gjerne heile familien, besteforeldre og fadrar bli med.
Det vert kyrkjekaffi/saft etter gudstenesta. 

Det er og fint om du melder deg på via nettet i forkant, men du kan også melde deg på gudstenestestaden frå kl. 10.30.

Samlinga er gratis og er ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkje
 

5 år: PÅSKEVERKSTAD

Stad:      Kjellaren i Spjelkavik kyrkje            
Innhald: Du får ei litt annleis påskebok som heiter ”Barabbas” og vi
lagar påskepynt som du får ta med deg heim. 
Kvart barn må ha med seg ein vaksen. Det kan vere foreldre, fadder, besteforeldre eller ein annan barnet kjenner godt.  

Samlinga er gratis og er ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkje
 

1-årstreff og utdeling av bok om jula (haust)

2-årstreff (haust)

3-årstreff (haust)

4 år: Undretur og utdeling av 4-årsbok (haust)

5 år: Påskeverkstad og utdeling av påskebok (vår)

1.-klasse: Aktivitetsdag og bokutdeling (vår)

2.-klasse: 2.-klasseklubb (vår)

3.-klasse: Fisketur og skattejakt, hausttakkefest (haust)

4.-klasse: Tårnagenthelg (vår)

5.-klasse: 10-års dåpsfest og utdeling av NT (vår)

6.-klasse: Lysvaken - overnatting i kyrkja 1. søndag i advent
                 Juniorkonfirmasjon (vår)

7. klasse: Aktivitetsklubb ein fredag i månaden (heile året)

9. klasse: Konfirmasjon

 

 

Copyright 2018 Tru.no   |     |     Xhtml 1.0  CSS 2.0